Hopp til innhald
Odin sin blogg

Sjå på snøen for inspirasjon til å strama opp vegane i Stavanger

Nymansvegen i frå Avaldsnesgata ned mot sentrum, med fint smalt køyrefelt!

Det er inspirerande å sjå på snøen som ligg att i vegen dei siste dagane. Den har skapt mykje problem og irritasjon, men det er ikkje alt. Snøen viser kvar me køyrer og kvar me ikkje gjer det. Det kan fortelja oss kor smal vegbana burde vera og kor skarpe kryssa burde vera.

På nokre boliggater er det veldig mykje av vegbanen som ikkje vert brukt. Noko av denne asfalten er meint til gateparkering, men det er ikkje alltid lett å sjå: takka vera bebuarparkering, er ikkje gatene heldigvis ikkje stappfulle av bilar. Diverre gjer det at det kjenst naturleg å køyra raskt.

For å ta eit nært eksempel i frå der eg bur på Storhaug. Eg har ei gate der asfalten er snøfri, og ei der mesteparten er nedsnødd. Avaldsnesgata vart for litt sidan oppgradert til ei miljøgate og er den eine. Køyrebanen er båe brøyta og brukt i båe retningar so brei som ho er laga. Ho er ikkje breiare enn ho må vera for at to bilar trygt kan møta kvarandre utan at ein må stoppa. Dette kjenst jo som eit design som fungerer og bør brukast mange fleire stader.

Nymansvegen i frå krysset med Avaldsnesgata og ned mot sentrum er på andre sida mest snø. Sjølve krysset vert brukt av ein og annan buss og lastebil, og dei klarar seg altso fint utan den slake svingen det er lagt opp til. Med ei innsnevring i vegbana der so vert det enklare å gå over vegen og dei som køyrer der må setja ned farten for å ta svingen. Vinn-vinn i bustadsområder.

Området det er mogleg å køyra bil på i denne delen av Nymansvegen er so stort at fire biler lett kunne kryssa i bredden. I tillegg er mesteparten rett som ein linjal. Mykje av denne ekstra køyrebanen er jo meint til gateparkering, men det er lite brukt. Resultatet er ei gate som ser meir ut som ho har fartsgrense 50 i staden for 30. Snøen fiksa dette i ein kort periode. Denne gata kunne jo fint vore einvegs med eit smalt køyrefelt, men sjølv to felt og strategiske parkeringslommer av snø har vore eit frampek til kor mykje betre det kunne vore.

No når snøen forsvinn kjem diverre den breie vegen tilbake. Eg vonar at fleire gater snart vert meir lik slik Avaldsnesgata er: at dei er like smale båe med og utan snø.