Hopp til innhald
Odin sin blogg

Teater: Lilla, på Follies barne- og ungdomsteater

Eg kom nett heim i frå teaterstykket Lilla av Jon Fosse, satt opp av Follies barne- og ungdomsteater no i 2024. Det var ei gledeleg oppleving! Stykket handlar i enkle drag om ei jente som tek med seg ein gut for å visa øvingslokalet som ho har saman med bandet sitt. Guten har tidlegare histore med trommisen som er ei ganske manipulerande og bøllete jente. I stykket er òg vokalisten og bassisten med.

Eg reiste for å sjå dette stykket fordi eg sjølv spelte i 'urpremiera' på Rogaland Teater for eit halvt liv sidan og ynskte sjå det igjen. 'Urpremiere' i hermeteikn fordi dette stykket vart skrive av Jon Fosse til festivalen Den Unge Scene 2004.

På den gamle nettstaden min hadde eg ein tekst om då me reiste til Oslo for å visa stykket der på festivalen (etter me hadde spelt det ein god del på Rogaland Teater). Eg skal henta det fram i frå arkivet for moro skuld:

Det var noko spesielt å ikkje eigentleg hugsa stort meir enn historia, før stykket startar og eg plutseleg kjenner att kvar einaste replikk. Framleis utan å kunna vita kva som kjem rett etterpå. Eg hugsa òg korleis og kva måte medskodespelerane hadde levert linene sine, som var ein herleg mimretur.

Follies hadde same regissør som oss; Bjørn Ravn Carlsen i frå Rogaland Teater. Det var mykje nytt her, innanfor ramma av manus tillét; men solid og med god forståing for teksten i manus. Skodespelerane spelte rollene sine heilt perfekt, det kjenst ut som rollene passa typene òg. Ei god blanding av talent og god proff regi.

Dette var so moro at eg er lei meg at eg og Helene ikkje har gått på teater utanom barneteater etter me fekk born. Ungdomsteater kunne jo vore litt småkleint å gå på når du absolutt ikkje lengre er ungdom, men det var heldigvis inga hindring; det var flüst av ulike Stavanger-kjendisar oppi åra tilstades.

Stykket hadde flippa kjønn, gutane i bandet var alle jenter, og 'jenta' var ein i denne versjonen 'guten'. Det fungerte kjempebra og vart eit litt anna stykke enn det hadde vore elles.

Som publikumsfrieri og ei skikkeleg fin avslutning på stykket kom båe vokalisten og bassisten ut att og spelte eit ekte band-nummer på slutten.

Det var siste forestilling av fem, so diverre får du ikkje sjølv sett det om du ikkje allereie har.